![]() |
||
På øya Ålforo som ligg mellom Stord og Bømlo, budde det mange menneske inntil begynnelsen på 70-talet. Det var butikk, bedehus og skule på staden. Folk livnæra seg av fiske, handel og jordbruk. Bedehuset var bygdas samlingspunkt, og basaren var et høgdepunkt gjennom året. Inntektene gikk alltid til Den indre sjømannsmisjon.
Samfunnsutviklinga førte til fraflytting og avfolking.
Fleire med tilknytning til Hatlevik ønskte på midten av 80-talet å videreføe basartradisjonen på staden. Ein tradisjon som starta så tidlig som på 30-talet. Etter at den yngre garde overtok på 80-talet har basaren vært en årviss hending, og feira i 2009 25-års jubileum. Folk kjem frå fjern og nær, i eigne båtar eller med gratis hurtigbåt som er satt opp frå Langevåg, Sagvåg og Rubbestadneset.
Det er andakt, song og musikk. Dei tilreisande finn seg plasser på benker eller oppover bergknausane rundt det gamle bedehuset. Mange kjem for å by under den store auksjonen over flotte gjenstandar som Hatlevikbasaren har fått eller kjøpt inn gjennom året. Pengane sit laust når auksjonarius truer med å klubbe siste bud!
Ellers er det loddsalg i bøker og ved åresalg for en utlodning som også har flotte gjenstander.
I pausen serverer dugnadsgjengen gratis kaffe og kaker.
Overskuddet fra Hatlevikbasaren går som alltid til Den Indre Sjømannsmisjon og øyremerkt drifta av Betelskipet Elieser 6.
Ordførar Harald Rydland var auksjonarius i 2009. Han held stemninga på topp medan Rasmus Hatlevik syner fram gjenstandane
Kari Hatlevik og Astrid Bukkøy har mange kaffekanner å fylle opp fra morgonen av